Hello Kitty sitteunderlag :)
På ein blogg fann eg ei oppskrift på eit slikt sitteunderlag, men då eg bruker fritidsgarn måtte eg gjere litt om på oppskrifta, i tillegg til at eg syns det var meir praktisk å strikke ørene saman med hovudet i staden for som eigne delar. Om du vil sjå originalen, så finn du han her
Hovud:
Legg opp 30 masker med kvit fritidsgarn på pinne nr 5,5. Strikk rettstrikk fram og attende (riller). Auk ei maske i kvar side (innanfor kantmaska) til saman sju gonger (44 masker). Auk så ei maske i byrjinga på kvar pinne til du får 70 masker. Strikk 19 riller. Fell av ei maske i byrjinga av kvar pinne (innanfor kantmaska) til du har 49 masker att. Strikk dei første 16 maskene (øyre). Strikk fram og attende til du har strikka 8 riller. Fell av på kvar side til du har 8 masker att. Fell av. Fell av resten av arbeidet til du har 16 masker att (neste øyre). Strikk som første øyre.
Sløyfe:
legg opp 30 masker med rosa garn. Strikk fram og attende (riller) til du har strikka 10 riller. fell laust av.
Band: legg opp 25 masker. Strikk 4 riller, fell laust av. Sy bandet tett kring midten av sløyfa (sjå bilete).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar