Det har jammen vore litt hektisk i det siste! Planlegging av dåp, lage julegåver, foreldrekonferansar i barnehage og skule, oppgradere kjøkken, strikke bunad, osv osv.
Kanskje eg kan byrje med oppgraderinga av kjøkkenet, eller først og fremst handleturen me var på. Me bestemte oss for å kjøpe litt nytt til kjøkkenet vårt, og i første omgang vart det ein integrert steikeomn og kjøleskåp. Etter å ha studert ulike tilbod, bestilte me det me skulle ha, hekta hengaren på bilen og reiste avgarde for å hente det. Med dei to minste i bilen og ein forholdsvis lang køyretur med hengar med eit stort kombiskap oppå, så tenkte me nok at det ville bli ein kjekk tur, men og kjekt å få alt med oss heim att når me først var avgarde. Planane var klare: Kjøpe nokre nye leikar til minsteguten vår, kjøpe høgskap til å sette omnen i, og hente kvitevarene. Me starta med kvitevarene då me skulle levere kombiskapet vårt med det same.
Etter eit hyggeleg møte med ein svært flink og serviceinnstilt butikksjef, gjekk eg til kassen for å betale for varene. Alt gjekk heilt fint, eg gjekk til lageret og ga ungdommen der kvitteringa for varene eg hadde kjøpt. "Gje meg eit par minutt" sa han, og forsvann. Eg slengde meg ned på sofaen og fekk med meg siste del av "Alene hjemme" som gjekk på tv'en akkurat då. Mann og born venta i bilen. Ein mann med tilsynelatande hastverk kom inn, kikka seg rundt, gjekk bort til luka og venta utålmodig, men ingen kom. "Er det nokon her?" spurte han meg og eg svara at dei skulle hente noko til meg, men sidan hadde eg ikkje sett noko meir til dei. Så forsvann han. Så kom ein eldre kar som såg ut som om han hadde litt betre tid. Han såg på meg, kikka i luka og trekte ein kølapp. Ingenting skjedde. Til slutt kom mannen min inn, han lurte nok på kva som skjedde. Eg gjekk ut til ungane, medan han overtok ventinga inne på lageret. Etter ein god halvtime ringde eg butikksjefen og spurte om han kunne vere så snill og sjekke kva som føregjekk, og etter kort tid fekk eg telefon attende frå han der det viste seg at kjøleskapet vårt ikkje var der likevel, slik dei hadde trudd då eg ringde for å sjekke før eg for. Og eg ser sikkert litt skremmande ut, for den stakkars ungdommen på lageret grua seg sånn til å seie det til meg, at han kom aldri att... Det enda no med at me fekk med oss omnen, men jakta på kjøleskapet er framleis i gang. Ingen veit kvar det er :D
Så var det høgskapet sin tur. Då var neste stopp Ikea. Me tok begge ungane i søskenvogna og trilla gjennom markedshallen og ut på lageret. Sjølvsagt hadde me gløymt att informasjonen om skapet me skulle kjøpe, og som dei fleste veit, så er Ikea forholdsvis stort og har mange rader og hyller og slikt, så det er ikkje så lett å finne akkurat det skapet ein skal ha. Sjølvsagt kan ein finne ein stasjon med PC'ar og søke der, og det var akkurat det me gjorde. Me kom inn på kjøkkeninnredning, men då me klikka på innbyggingsskap, så hengde det seg opp. Etter at tre PC'ar hengte seg opp av same årsak, vurderte me å gje oss før me øydela alt, men då gjekk det plutseleg likevel, og me fekk vite kvar me skulle hente dei ulike delane til skapet. Medan me lette etter rett reol og hylle, fekk eg link til eit anna kjøleskap me kunne få med oss i staden frå den andre butikken. Så der gjekk me og lette etter delar til eit skap på Ikea medan me prøvde å avgjere om me skulle kjøpe det kjøleskapet i staden. Det vart jo litt surr av det, men det gjekk faktisk bra. Me fekk med oss alt. Nesten. Då me kom heim oppdaga me at den eine hylla var feil. Ho var for djup.
Men etter besøket på Ikea og ein snartur innom ein leikebutikk, bar det heimover. I Knarvik kom me på at me burde handle litt mat. Eigentleg var det tre ting, men eg kom nok ut att med haug på handlevogna. Eg nyttar høvet til å skulde på ammetåka, for det var først då eg kom i bilen, etter å ha handla m.a. litervis med mjølk og ti brød, at eg kom på at me hadde kasta kombiskapet, og då den tilhøyrande frysen, og at me ikkje hadde noko kjøleskåp med oss heim...
Heime har me likevel ein fullstappa fryseboks i kjellaren, og eit lite kjøleskåp som me pleier ha pålegg i, men me fekk plass til varene til slutt. Høgskapet vart montert nesten utan problem (me må nok kjøpe oss ny taklampe på kjøkkenet), men no er det på plass. I dag fekk eg prøve ovnen for første gong då eg laga eplekake medan kjøtet og raspeballane kokte. No er jo ikkje eg så teknisk av meg, og eg las ikkje bruksanvisninga så nøye, men jammen vart eg imponert då eg oppdaga at omnen på magisk vis har sugd eplebåtane ned i botnen på eplekaka. Fancy, kallar eg slikt. Eg lurer litt på om det då er slik at eg bør steike kakene opp ned heretter? No leiter eg altså etter funksjonen som får eplebåtane opp att... Men eg trur det skal bli mykje betre å lage mat i denne omnen.
Jaja. No ventar me i spenning på neste episode av det forsvunne kjøleskåpet, og satsar på at det dukkar opp att om ikkje så altfor lenge!
Nei, no må eg halde fram med julegåvene før eg skal finne senga. Ho veit eg i alle fall kvar er!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar