På den daglege ferjeturen vert det av og til rom for studiar, og i dag var det databaser som var pensum. Det handlar om persistent data, dataintegritet mm. I tillegg handla det om ulike funksjonar til databasen.
Ferjeturen varer berre i 20 min, så det er begrensa kor mykje eg får lese der, men alt hjelper. Og så er det rart korleis fb og ulike nettaviser vert til reine magnetar når eg helst skal lese pensum, så dei 20 minutta er nok ikkje alltid så effektive.
Så tar det 20 min frå ferjekaia til jobb. Ein jobb det alltid er like kjekt å komme til. Snille, dyktige og blide kollegaer, og flinke og greie elevar. Ekstra kjekt vert det når nokon kjem med slike lappar som i dag, eit hjerte der det står at eg er ein snill og grei lærar. :-) Lappen heng eg over arbeidsbordet mitt, saman med andre som eg har vore så heldig å få før. Dei er gode å lese på når ein er sliten og føler at ein ikkje får til det ein ynskjer.
Så var det henting i barnehagen og heim med gullungane ♡. Det tok ikkje så lang tid før me var ute att. Ungane ville hoppe på trampolina og skli på sklibana. Snart var me alle borte hjå naboen der fleire born var på plass, og heile ungeflokken storkosa seg. Det betydde masse herleg utetid for dei små, noko som jo er eit mål.
Då er det vel tid for å jobbe litt meir med oppgåve og med jobben....