torsdag 29. november 2012

Ammetåke og handel....

Det har jammen vore litt hektisk i det siste! Planlegging av dåp, lage julegåver, foreldrekonferansar i barnehage og skule, oppgradere kjøkken, strikke bunad, osv osv.

Kanskje eg kan byrje med oppgraderinga av kjøkkenet, eller først og fremst handleturen me var på. Me bestemte oss for å kjøpe litt nytt til kjøkkenet vårt, og i første omgang vart det ein integrert steikeomn og kjøleskåp. Etter å ha studert ulike tilbod, bestilte me det me skulle ha, hekta hengaren på bilen og reiste avgarde for å hente det. Med dei to minste i bilen og ein forholdsvis lang køyretur med hengar med eit stort kombiskap oppå, så tenkte me nok at det ville bli ein kjekk tur, men og kjekt å få alt med oss heim att når me først var avgarde. Planane var klare: Kjøpe nokre nye leikar til minsteguten vår, kjøpe høgskap til å sette omnen i, og hente kvitevarene. Me starta med kvitevarene då me skulle levere kombiskapet vårt med det same.

Etter eit hyggeleg møte med ein svært flink og serviceinnstilt butikksjef, gjekk eg til kassen for å betale for varene. Alt gjekk heilt fint, eg gjekk til lageret og ga ungdommen der kvitteringa for varene eg hadde kjøpt. "Gje meg eit par minutt" sa han, og forsvann. Eg slengde meg ned på sofaen og fekk med meg siste del av "Alene hjemme" som gjekk på tv'en akkurat då. Mann og born venta i bilen. Ein mann med tilsynelatande hastverk kom inn, kikka seg rundt, gjekk bort til luka og venta utålmodig, men ingen kom. "Er det nokon her?" spurte han meg og eg svara at dei skulle hente noko til meg, men sidan hadde eg ikkje sett noko meir til dei. Så forsvann han. Så kom ein eldre kar som såg ut som om han hadde litt betre tid. Han såg på meg, kikka i luka og trekte ein kølapp. Ingenting skjedde. Til slutt kom mannen min inn, han lurte nok på kva som skjedde. Eg gjekk ut til ungane, medan han overtok ventinga inne på lageret. Etter ein god halvtime ringde eg butikksjefen og spurte om han kunne vere så snill og sjekke kva som føregjekk, og etter kort tid fekk eg telefon attende frå han der det viste seg at kjøleskapet vårt ikkje var der likevel, slik dei hadde trudd då eg ringde for å sjekke før eg for. Og eg ser sikkert litt skremmande ut, for den stakkars ungdommen på lageret grua seg sånn til å seie det til meg, at han kom aldri att... Det enda no med at me fekk med oss omnen, men jakta på kjøleskapet er framleis i gang. Ingen veit kvar det er :D

Så var det høgskapet sin tur. Då var neste stopp Ikea. Me tok begge ungane i søskenvogna og trilla gjennom markedshallen og ut på lageret. Sjølvsagt hadde me gløymt att informasjonen om skapet me skulle kjøpe, og som dei fleste veit, så er Ikea forholdsvis stort og har mange rader og hyller og slikt, så det er ikkje så lett å finne akkurat det skapet ein skal ha. Sjølvsagt kan ein finne ein stasjon med PC'ar og søke der, og det var akkurat det me gjorde. Me kom inn på kjøkkeninnredning, men då me klikka på innbyggingsskap, så hengde det seg opp. Etter at tre PC'ar hengte seg opp av same årsak, vurderte me å gje oss før me øydela alt, men då gjekk det plutseleg likevel, og me fekk vite kvar me skulle hente dei ulike delane til skapet. Medan me lette etter rett reol og hylle, fekk eg link til eit anna kjøleskap me kunne få med oss i staden frå den andre butikken. Så der gjekk me og lette etter delar til eit skap på Ikea medan me prøvde å avgjere om me skulle kjøpe det kjøleskapet i staden. Det vart jo litt surr av det, men det gjekk faktisk bra. Me fekk med oss alt. Nesten. Då me kom heim oppdaga me at den eine hylla var feil. Ho var for djup.

Men etter besøket på Ikea og ein snartur innom ein leikebutikk, bar det heimover. I Knarvik kom me på at me burde handle litt mat. Eigentleg var det tre ting, men eg kom nok ut att med haug på handlevogna. Eg nyttar høvet til å skulde på ammetåka, for det var først då eg kom i bilen, etter å ha handla m.a. litervis med mjølk og ti brød, at eg kom på at me hadde kasta kombiskapet, og då den tilhøyrande frysen, og at me ikkje hadde noko kjøleskåp med oss heim...

Heime har me likevel ein fullstappa fryseboks i kjellaren, og eit lite kjøleskåp som me pleier ha pålegg i, men me fekk plass til varene til slutt. Høgskapet vart montert nesten utan problem  (me må nok kjøpe oss ny taklampe på kjøkkenet), men no er det på plass. I dag fekk eg prøve ovnen for første gong då eg laga eplekake medan kjøtet og raspeballane kokte. No er jo ikkje eg så teknisk av meg, og eg las ikkje bruksanvisninga så nøye, men jammen vart eg imponert då eg oppdaga at omnen på magisk vis har sugd eplebåtane ned i botnen på eplekaka. Fancy, kallar eg slikt. Eg lurer litt på om det då er slik at  eg bør steike kakene opp ned heretter? No leiter eg altså etter funksjonen som får eplebåtane opp att... Men eg trur det skal bli mykje betre å lage mat i denne omnen.

Jaja. No ventar me i spenning på neste episode av det forsvunne kjøleskåpet, og satsar på at det dukkar opp att om ikkje så altfor lenge!

Nei, no må eg halde fram med julegåvene før eg skal finne senga. Ho veit eg i alle fall kvar er!






fredag 23. november 2012

Brekkebunad, framhald...

Så er eg i alle fall kome i gang... Tar jo litt tid når ein skal førebu barnevognrebus, strikke den sjette twistskåla, gjere ferdig ei pute, og ikkje minst ta vare på dei herlege små gullungane. Minstejenta vil vere på fanget til mamma heile tida, og når ho søv på bringa mi, så kan eg strikke. Då held me julegåveproduksjonen i gang på same tid som me får masse kos :)


Slik ser det ut no:



Og her er puta eg nesten er ferdig med (sløyfa vert tova no):


Men arbeidet med bunaden held fram :)

torsdag 22. november 2012

Stort prosjekt på gang :)

Så må eg jo sjølvsagt lage meg nye, store prosjekt, og eg som er så utålmodig og vil helst ha alt ferdig i går... Litt spent på korleis dette vil bli :P

Tanken er no at eg skal strikke bunadar til dei minste ungane til 17.mai. Då tar eg utgangspunkt i mønsteret på ein flott bunad frå Sandnes garn som ser slik ut:


Og eg skal prøve å få han til å sjå slik ut (i midten. fann biletet her):



Må seie at eg er ein smule spent på korleis det vil gå.... Har nokre punkt eg i alle fall skal gå gjennom før eg startar på dette:

1. På strikkesida er det mange utruleg flinke strikkarar som kan gje gode tips.
2. Snakke med Sandnes garn som har strikkehjelp mellom kl. 14.00 og 15.00
3. strikke ein prøvelapp :) :) :)

Målet er å strikke både til jente og gut.

Fortsettelse følger, som det heiter.....

onsdag 21. november 2012

Twistskåler

Strikkesida på Facebook er ei genial side. Her får ein inspirasjon, svar på spørsmål, og mønster. Det siste eg fann var mønster på flotte twistskåler som ein av dei mange kreative medlemmane av gruppa har laga. Mønsteret hennar var nissen. Eg laga ein litt anna versjon i tillegg (jenta), som kan passe heile året :)

Strikkesida finn du her



Oppskrift finn du her :)

mandag 19. november 2012

Fire born i ulik alder gjev ein spennande kvardag!

Dagen starter for nokon av oss i seks-sjutida. Då skal mann på jobb, eldsteguten på skulen, og tredjemann i barnehagen. I dag fekk eg laga ei ny ladning med frukostbrikettar som mann og eldstegut har til frukost og niste. For min og veslejenta sin del starter dagen noko seinare då ho gjerne ikkje søv så godt før på morgonkvisten, og då er det godt å få kvile litt sjølv og.

Og morgenen og føremiddagen er ei fin og roleg tid for meg og vesla. Med fyr i omnen, har gjerne rydda og ordna litt, så er det godt å sitte i godstolen med henne på fanget. Sovnar ho på bringa mi, legg eg dyna godt rundt henne og finn fram strikketøyet og held fram med julegåveproduksjonen. Då finn ho roen då ho høyrer hjerteslaga mine, og eg finn roen då eg ser og høyrer henne puste, kjenner om ho er passe varm, og kjenner kor godt det er å nyte dei gode stundene me er saman.

Så er det å prøve å få gjort litt husarbeid innimellom bleieskift og amming. Når ho søv i vogga si gjeld det å nytte høvet til å vaske, skrelle og kutte grønsakene til middag. Veldig greitt å få det gjort før alle kjem heim. Det er så kjekt å lage middag fra botnen for då veit ein  sånn nokonlunde kva han inneheld, og gjengen pleier vere nøgde med resultatet. Herleg å ha ein ettåring som ikkje kan få nok laks, potetstappe og grønsaker, heimelaga fiskegrateng, raspeballar og mykje meir.

Etter middag, når han ikkje er med å lage middagen, er det vår tur til å vere saman. Det varierer litt fra dag til dag, men då kan me lage eplekake og heimelaga vaniljesaus, bollar eller andre ting. Eller me kan male eller lese. Han og er godt i gang med julegåveproduksjonen. I dag laga me karamellar. Det var litt farleg pga varmen, så då vart det mest at han måtte sjå på og få vite kva dei ulike ingrediensane og reiskapane heiter. I alle fall nyter me stundene me kan vere saman.

Så er det eldsteguten som har fått stor interesse for eit kortspel som eg ikkje forstår noko av, sjølv om eg har spelt det med han på x-boks og "live". Det er jo greit når me er på lag, men litt verre når me spelar mot kvarandre. Ikkje så rart at eg taper kvar gong, kanskje :D Det vert ikkje så ofte og så mykje, men stundene saman med han er jammen flotte og verdifulle. Då han er hakket meir distré enn mor og stefar, vert det ofte mange rare situasjonar me hamnar oppi og. Mellom anna kan det fort bli ei biljakt etter bussen han kjem med... men det kan du lese meir om på bloggen hans.

Eldstejenta bur på hybel, og som leiar for fylkeslaget i NU vert det mykje reising. No har ho fått førarkort, og fekk bil i bursdagsgåve frå oss. I går kom ho innom på veg frå Oslo til Sandane. Ho kom rundt kl. 01.00, og me måtte få litt tid til å prate, så det vart litt seint, men så utruleg koseleg! Så kjekt å høyre om alt ho er med på og er opptatt av. Og i ein travel tenåring sin kvardag er det nok ikkje så mykje tid til å prate med ho gamle mor (og sånn skal det jo vere), er desse stundene så gode og uendeleg verdifulle.

Så sit eg att og tenkjer på dei ulike behova dei fire borna har. Hjelp til å fikse bil eller billett til å komme seg heim, tid til å spele kort, x-boks snakke saman, passe på leksene, lage heimelaga pizza til kvar laurdag (med ein vegetardel når snuppa er heime), gjere ting saman, som å lese, male, bake, trille ball på golvet, synge, fortelje eventyr, rufse håret, mange gode klemmar og nokre våte kyss,  og søke blikkontakt, prate med, smile, synge til, kose med, halde godt inntil seg, strikke varme tepper til...  og mykje meir. Og tenkjer at det er heilt fantastisk å ha det sånn!  Det gjeld å nyte kvart sekund, for tida går så altfor fort.

Gledar meg og veldig til å kunne løfte att etter keisersnittet, gå meir ut og finne på kjekke ting ute. Trur det er viktig for store og små å komme seg ut litt kvar dag. Men no er det ein  ny dag, ei julegåve ligg i vaskemaskina og må gjerast noko med, og eg er spent på korleis det går med karamellane våre :)

Ha ein strålande dag!

mandag 5. november 2012

Hello Kitty sitteunderlag :)

På ein blogg fann eg ei oppskrift på eit slikt sitteunderlag, men då eg bruker fritidsgarn måtte eg gjere litt om på oppskrifta, i tillegg til at eg syns det var meir praktisk å strikke ørene saman med hovudet i staden for som eigne delar. Om du vil sjå originalen, så finn du han her






Hovud:
Legg opp 30 masker med kvit fritidsgarn på pinne nr 5,5. Strikk rettstrikk fram og attende (riller). Auk ei maske i kvar side (innanfor kantmaska) til saman sju gonger (44 masker). Auk så ei maske i byrjinga på kvar pinne til du får 70 masker. Strikk 19 riller. Fell av ei maske i byrjinga av kvar pinne (innanfor kantmaska) til du har 49 masker att. Strikk dei første 16 maskene (øyre). Strikk fram og attende til du har strikka 8 riller. Fell av på kvar side til du har 8 masker att. Fell av. Fell av resten av arbeidet til du har 16 masker att (neste øyre). Strikk som første øyre.

Sløyfe:
legg opp 30 masker med rosa garn. Strikk fram og attende (riller) til du har strikka 10 riller. fell laust av.
Band: legg opp 25 masker. Strikk 4 riller, fell laust av. Sy bandet tett kring midten av sløyfa (sjå bilete).

torsdag 1. november 2012

Middagar til familie i ein hektisk kvardag.

Middagar laga frå botnen.

Det er ikkje så enkelt å få tid til å lage sunne og gode middagar til heile familien i ein travel kvardag. Då er planlegging eit sentralt begrep, både økonomisk og tidsmessig. Rema 1000 sin app er genial! Kan anbefalast på det varmaste! Då kan du bruke nokre få minutt ein sundag ettermiddag og planlegge heile veka. Me oppdaga at me sparte fleire tusen kroner kvar månad ved å gjere det slik. I tillegg sparer ein mykje tid, og det vert mykje betre mat av det. På same tid vert det lettare å ha oversikt og passe på at det og vert ein del fiskemiddagar i løpet av veka :) Og alle middagar vert laga frå botnen av :)

Appen til Rema 100 finn du ved å søke på rema 100 på Play. Her kan du finne oppskrifta til middagane du vil lage, og så klikker du på ikonet for handleliste, og vips så har du ei handleliste du kan sende på sms eller mail. Du kan sikkert skrive ho ut og. Du kan og gjere planlegginga på PC'en då finn du middagsplanleggaren her: Middagsplanleggeren













Trur Meny og Rimi har noko liknande og :)

For vår del vart det Shepherds Pie i går. Det var suksess! Eit lite tips til travle foreldre: skrell potetene dagen før og legg dei i vatn og i kjøleskapet. Då er dei klare til å lage potetstappe av med ein gong :)

Slik vart vår:


Det vart kjempegodt :)