tirsdag 30. juni 2015

Sy eller vaske?

For moro skuld tenkte eg å ta tida på å sy ei bukse til minsten, samanlikna med å vaske ei i vaskemaskin.  Tenk om ein oppdaga om kvelden at det ikkje er rein bukse klar til neste dag? Kva er kjappast?

Mønsteret hadde eg allereie klipt ut tidlegare. Det som skulle gjerast var å klippe ut delane frå stoffet, klippe ribb og kant til føtene. Lommene hadde eg og klar frå før. Så skulle det syast saman, lommene festast, lommene skulle kantast, og så sy pyntesaum, sy fram- og bakstykket saman, og så sy på ribb. Undervegs gjekk eg tom for undertråd, så eg måtte spole og ordne det undervegs.

Med nokre ekstra utfordringar, som det ofte vert og som bør reknast med, så brukte eg ca 56 minutt på alt saman. Altså slo eg vaskemaskina med nesten 4 min.

Eg vart nøgd med resultatet og 😊

søndag 28. juni 2015

Sterilisator og dispenser!

Nokre oppfinningar er meir gull verd enn andre. Sterilisator og dispenser er to slike oppfinningar. For oss med flaskeborn er det uunnverleg. Me har åtte flasker, vaskar dei i oppvaskmaskina, putter dei i sterilisatoren i seks minutt, og så fyller me dei med rett mengde kokt vatn før me kjøler dei kjapt ned. Så set me dei i kjøleskapet.
Når småen vaknar om natta så går me ned på kjøkkenet, varmar flaska i mikrobølgeovnen, tømmer rett mengde pulver frå dispensaren, og set oss i loftstova og gjev verdas beste gogut nattmåltidet hans  Og så kan me nyte synet av han og utsikta på fine sommarkveldar med det same 

lørdag 27. juni 2015

Verdas beste brød!

Eg ynskjer at familien skal ha mest mogeleg heimelaga og kortreist mat. Eg tenkjer at det er kjekt å vite kva som er I maten me et. Det betyr ikkje at det aldri vert ein grandiosa eller liknande. Men helst heimelaga, og så må det vere kjapt og effektivt.

Nyleg fann eg ei oppskrift på eit brød som var lett å lage, det krev ingen elting,  alle likte det, og så fann eg I tillegg ein meir effektiv måte å lage det på 😉

Eg skal legge ut link til heimesida der eg fann oppskrifta, men får det ikkje til via appen, så det må eg ta seinare. Det var I alle fall på klikk.no.

Men her er oppskrifta:
125 g speltmjøl
300g kveitemjøl
Litt salt
1 pk tørrgjær
3,5 dl vatn

240 grader og til saman 40 min steketid.

Bland det saman i ein bolle. Bruk ei god sleiv. Deigen skal vere blaut. Dekk til med plast eller kjøkkenhandduk, og la det stå på disken I 12-24 timar. Set omnen på 240 grader, og set forma du vil steike brødet i, inn I omnen med ein gong. Det kan vere ei gryte med lok, ei eldfast form med lok, eller liknande. Ta brøddeigen ut på kjøkkenbenken (ha godt med mjøl under), bruk sleiv eller sleikepott til å brette deigen inn mot midten. Når omnen er varm, tar du ut forma og strør litt mjøl I botnen på forma.  Legg deigen oppi forma, ta på lok og la det steike I 30 minutt. Ta av loket og steik vidare I 10 minutt.

Voila! Og brødet er ferdig 😊

For å gjere det meir effektivt: Ta ein behaldar du kan oppbevare mjølblanding i, t.d. eit litermål med lok. Bland alt det tørre og set på lokket. Når du vil sette deigen fyller du berre på med 3,5 dl vatn, rører litt og deigen er klar😊 Kjapt og enkelt 😊

Utstilling

På Haugartun grendahus på Takle er det for tida ei flott utstilling med kunstneren Astrid Opdal. I dag var eg bortom ein tur med nesten alle borna, og minsten på to mnd vart med på si aller første kunstutstilling. Det var ei kjempefin utstilling, og eg gledar meg til å få biletet eg kjøpte heim og opp på veggen 😊

Dei litt eldre ungane har vore med på nokre utstillingar før, mellom anna var eg og to av dei avgarde for å hente flotte bileter av Unni Askeland som hadde utstilling her I fjor.

Verdens beste brød!

Eg fann ei god oppskrift på nettet på det som må vere verdas beste brød. Og så er det superenkelt å lage og.

Eg syns det er kjekt å lage mat frå grunnen av til familien, både fordi det er kjekt, men så veit eg og kva maten inneheld. På same tid må det vere kjapt og greitt å lage til.  Eg vil prøve å samle oppskrifter til god og passe sunn mat, som er kjapt å lage. Dessutan er det kanskje måtar ein kan gjere det meir effektivt på.

Dette brødet vart I alle fall populært. Og få ting er betre enn piknik med nystekt brød 😊

fredag 26. juni 2015

Blogging går i rykk og napp....

Ja, då er det lenge sidan førre blogginnlegg, noko som gjerne er heilt ok, men vil no prøve att likevel.
Det er ikkje alltid så lett å få tid til å skrive blogginnlegg, og det er no eigentleg ikkje noko som er så høgt prioritert heller. Men det er kjekt å kunne gjere det av og til, og veldig kjekt om nokon får lyst til å lese og.

Sidan sist har me fått ein liten, fantastisk gogut til, så no er me ein familie på sju. No er eg i permisjon, og resten av gjengen har ferie frå jobb, skule og barnehage, så kvardagane er travle, men utruleg kjekke.

Målet mitt er at me alle skal ha ein god kvardag. Slik vert det jo ikkje alltid, men dei aller, aller fleste dagane er heldigvis slik, så me er svært heldige.  Eg prøver å ha fokus på at maten skal vere mest mogeleg heimelaga og kortreist, og eg syns det er svært kjekt å kunne lage klede til ungane sjølv, enten ved å sy eller strikke. Så er musikk viktig, sjølv om det ikkje vert så mykje tid til det no for tida. Ikkje minst er tida saman med borna (i alle aldrar) viktig! Og tid til kvarandre.