mandag 19. november 2012

Fire born i ulik alder gjev ein spennande kvardag!

Dagen starter for nokon av oss i seks-sjutida. Då skal mann på jobb, eldsteguten på skulen, og tredjemann i barnehagen. I dag fekk eg laga ei ny ladning med frukostbrikettar som mann og eldstegut har til frukost og niste. For min og veslejenta sin del starter dagen noko seinare då ho gjerne ikkje søv så godt før på morgonkvisten, og då er det godt å få kvile litt sjølv og.

Og morgenen og føremiddagen er ei fin og roleg tid for meg og vesla. Med fyr i omnen, har gjerne rydda og ordna litt, så er det godt å sitte i godstolen med henne på fanget. Sovnar ho på bringa mi, legg eg dyna godt rundt henne og finn fram strikketøyet og held fram med julegåveproduksjonen. Då finn ho roen då ho høyrer hjerteslaga mine, og eg finn roen då eg ser og høyrer henne puste, kjenner om ho er passe varm, og kjenner kor godt det er å nyte dei gode stundene me er saman.

Så er det å prøve å få gjort litt husarbeid innimellom bleieskift og amming. Når ho søv i vogga si gjeld det å nytte høvet til å vaske, skrelle og kutte grønsakene til middag. Veldig greitt å få det gjort før alle kjem heim. Det er så kjekt å lage middag fra botnen for då veit ein  sånn nokonlunde kva han inneheld, og gjengen pleier vere nøgde med resultatet. Herleg å ha ein ettåring som ikkje kan få nok laks, potetstappe og grønsaker, heimelaga fiskegrateng, raspeballar og mykje meir.

Etter middag, når han ikkje er med å lage middagen, er det vår tur til å vere saman. Det varierer litt fra dag til dag, men då kan me lage eplekake og heimelaga vaniljesaus, bollar eller andre ting. Eller me kan male eller lese. Han og er godt i gang med julegåveproduksjonen. I dag laga me karamellar. Det var litt farleg pga varmen, så då vart det mest at han måtte sjå på og få vite kva dei ulike ingrediensane og reiskapane heiter. I alle fall nyter me stundene me kan vere saman.

Så er det eldsteguten som har fått stor interesse for eit kortspel som eg ikkje forstår noko av, sjølv om eg har spelt det med han på x-boks og "live". Det er jo greit når me er på lag, men litt verre når me spelar mot kvarandre. Ikkje så rart at eg taper kvar gong, kanskje :D Det vert ikkje så ofte og så mykje, men stundene saman med han er jammen flotte og verdifulle. Då han er hakket meir distré enn mor og stefar, vert det ofte mange rare situasjonar me hamnar oppi og. Mellom anna kan det fort bli ei biljakt etter bussen han kjem med... men det kan du lese meir om på bloggen hans.

Eldstejenta bur på hybel, og som leiar for fylkeslaget i NU vert det mykje reising. No har ho fått førarkort, og fekk bil i bursdagsgåve frå oss. I går kom ho innom på veg frå Oslo til Sandane. Ho kom rundt kl. 01.00, og me måtte få litt tid til å prate, så det vart litt seint, men så utruleg koseleg! Så kjekt å høyre om alt ho er med på og er opptatt av. Og i ein travel tenåring sin kvardag er det nok ikkje så mykje tid til å prate med ho gamle mor (og sånn skal det jo vere), er desse stundene så gode og uendeleg verdifulle.

Så sit eg att og tenkjer på dei ulike behova dei fire borna har. Hjelp til å fikse bil eller billett til å komme seg heim, tid til å spele kort, x-boks snakke saman, passe på leksene, lage heimelaga pizza til kvar laurdag (med ein vegetardel når snuppa er heime), gjere ting saman, som å lese, male, bake, trille ball på golvet, synge, fortelje eventyr, rufse håret, mange gode klemmar og nokre våte kyss,  og søke blikkontakt, prate med, smile, synge til, kose med, halde godt inntil seg, strikke varme tepper til...  og mykje meir. Og tenkjer at det er heilt fantastisk å ha det sånn!  Det gjeld å nyte kvart sekund, for tida går så altfor fort.

Gledar meg og veldig til å kunne løfte att etter keisersnittet, gå meir ut og finne på kjekke ting ute. Trur det er viktig for store og små å komme seg ut litt kvar dag. Men no er det ein  ny dag, ei julegåve ligg i vaskemaskina og må gjerast noko med, og eg er spent på korleis det går med karamellane våre :)

Ha ein strålande dag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar