søndag 5. juli 2015

Reisebrev frå Takle del 1


Eg og minsten har bestemt at me skal nytte permisjonen m.a. til å  oppdage nærområdet på ny.Kvar gong me går på tur skal det vere til ein "ny" plass. Ny I hermeteikn då me no er godt kjende her, men me skal ikkje gå den same turen om att og om att. Alle turane skal vere på Takle, den vesle bygda vår.

Me byrja I dag. I dag vart det ein tur som ikkje var ny for nokon av oss. Men det var fint likevel 😊 Turen gjekk langs vegen + traktorveg, så då kunne me bruke vogna. Turen var ca 3 km lang, og der var ei løype me ofte tar. Det er ei flott løype med mykje flott å sjå. Som de ser på bileta er lokalområdet ofte det finaste området, berre ein hugsar å sjå etter. 😊

Eg såg etterpå at frå den vinkelen eg tok bilete av vogna oppe på brua, så ser det ut som han står heilt utpå kanten. Han gjer ikkje det, altså!! 😊 Han står heilt trygt 😊 Så får me sjå kvar neste tur går 😊

torsdag 2. juli 2015

Gode knekkebrød

Nokre av ungane er meir glad I knekkebrød enn vanleg brød. Då vart neste oppgåve å lage heimelaga knekkebrød 
Eg syns resultatet vart bra, så då vert det spennande å sjå I morgon om ungane er einige 
Oppskrift er på www.tine.no

Spennande ostekake med berre tre ingrediensar!

Eldstejenta på 21, sende meg ein link på Facebook her ein dag. Det var link til ei japansk ostekake som skulle vere så god. Eg tok det som eit hint, og I dag prøvde eg oppskrifta.

Det sto at det tok ca ein time å lage ho, men det sto ikkje noko om storleik på form, etc. Eg måtte prøve meg fram, fot første forsøk gjekk heller dårleg. Eg skriv difor oppskrifta litt annleis her.

Varm omnen til 180 grader.

Ingrediensar:
240 g kvit kokesjokolade
6 egg
240 g philadelphiaost

Skil eggeplomme frå eggekvite. Set eggekviten I frysen ei stund (gjerne ein time). Smelt sjokolade I vannbad på ikkje alt for høg temperatur slik at det går litt sakte. Avkjøl sjokoladen (la han stå ei god stund)
Bland ost, sjokolade og eggeplommer godt saman. Bruk helst visp, men ikkje miksar. Bland I eggekviten. Røra skal vere litt seig. Gjer du dette for tidleg vert røra svært rennande.

Steik først på 180 grader I 15 min. Senk temperaturen til 150 grader og steik I 15 min til. Slå av omnen og la ho stå inni I ytterligare 15 min.

Pynt med å strø sikta melis på toppen 😊