tirsdag 30. oktober 2012

Bilsetepose

Bilsetepose

Me hadde bruk for bilsetepose til vesla, eg hadde noko garn liggande, men fann ikkje mønster. Då måtte eg prøve å lage eit sjølv. Slik vart resultatet...




Legg opp 90 masker med tre tråder. Eg har brukt to trådar Merino Glossy og ein tråd Cannes Mohair, noko som gjev eit mjukt og godt resultat. Strikk rillestrikk 20 cm.

Del arbeidet i tre delar, ein del til halve framsida (24  masker), ein del til baksida (42 masker), og siste del er andre halvdel av framsida (24 masker). Strikk frå rettsida 24 masker, set eit merke, strikk 16 masker, fell 10 masker, strikk 16 masker til. Legg opp 10 nye på neste omgang. Strikk 7 cm. No skal kvar del strikkast for seg.

Begynn med mønster på framdelane: 4 rett, 4 vrang til første merke. Snu og strikk slik at det vert rett på rett og vrangt på vrangt i til saman fire omgangar. Strikk så ein omgang med rett på vrangt og vrangt på rett. Strikk vidare vrangt på vrangt frå forrige omgang, rett på rett i til saman fire nye omgangar. Strikk så slik du byrja med mønsteret. Det vil då bli eit slags rutemønster (sjå bilete). Strikk mønster til det er til saman 8 rader med mønster (sjå bilete). Strikk vrangbord fire omganger (to rett og to vrang). Strikk den andre framdelen på same måte.

Hald fram med rillestrikk på bakdelen.  Når arbeidet måler 36 cm, strikk dei tre delane saman. På framdelane, hald fram med vrangbord, og hald fram med rillestrikk på bakdelen. Strikk fem omgangar, samtidig som du strikkar saman to og to masker i skøyten på kvar side. Opningane i kvar side gjev plass til setebelta. Fell av sidestykka med rett over rett og vrang over vrang. Hald fram med bakstykket i ca 10 cm til. Fell av.

Plukk opp masker langs framkanten på eine framstykket. Strikk vrangbord og lag knapphol ved å felle ei maske på andre omgang, og legg opp ny maske over den felte maska på neste omgang. Fell av med rett over rett og vrang over vrang.

Lag gjerne nokre knappar i nederste kant og. Det har eg tenkt å gjere når eg får tid :)


lørdag 27. oktober 2012

Innedag og bollebaking!


Innedag og bollebaking! :)

Då dei eldste ungane var på helgetur til kvar sin kant, så var det berre oss "gamle" og dei miste som var att heime. I tillegg vart tredjemann sjuk, så då kunne me ikkje gjere det me eigentleg hadde planlagt, men måtte finne på noko anna kjekt i staden. Då det var på eit tidspunkt at han var litt trøtt og humøret ikkje var heilt på topp, måtte me gjere noko som ga oss eit raskt og godt resultat. Då fann me fram den flotte boka "Klare sjøl" som ein barnehage har gjeve ut. Her fann me ei flott oppskrift på Hastverksbollar. Det passa oss bra akkurat då. Så då var det å vaske hendene grundig, og finne fram bakebolle, mjøl, havregryn, sukker og resten av ingrediensane me skulle bruke. Det var spennande og moro å ta på ingrediensane som stort sett havna på golvet, men kva har me vel støvsugar og vaskefille til? :) Ved å ta på dei og sjå på dei fekk me øve litt på ord og,og kjenne litt på ulike konsistensar. :) Me greidde no å få nok nye ingrediensar oppi bakebollen til at det vart ein deig , og det vart skikkeleg gode bollar. Då dei sto i ovnen fekk me koseleg besøk, så då kunne eg og goguten servere gjestane våre nystekte bollar med ost på! Han greidde og å putte ein bolle oppå steikeplata heilt sjølv! 




Kjekt å kjenne litt på deigen :)


Etter at mamma var ferdig med sleiva kunne han utforske ho litt :)


Nam! Resultatet vart kjempebra!! :)


torsdag 25. oktober 2012

Kosestund med ungane


Kosestund med ungane :)


I påvente av at lesehjørnet mitt skal bli ferdig strikka, er leiketeppet ei midlertidig erstatning. Så etter middag og kvelds (medan eg amma minstejenta og ga tredjemann graut og mjølk), var det tid for lesestund. Det er moro med boka som og har dyrelydar i seg! Det er jammen godt med slike stunder! Etterpå var det tid for å spele dataspel med eldsteguten. Då eldstejenta bur på hybel vert det ikkje så mange aktivitetar saman med henne, men det får me ta att då ho er her.


Nistemat

"Det er jo ei kake, jo!"
Frukostbrikettane fall heldigvis i smak :) Desse er og kjempefine til å fryse i porsjonar, og lage salat som er tilgjengeleg i kjøleskåpet. Då er det kjapt å få seg ein god og sunn frukost, eller ei god og sunn niste :)


Fordeig:
5 dl vatn
200 g lettkokte havregryn
200 g sammalt rug, grov
200 g byggmjøl

Bland alt saman og elt deigen for hand eller på lågaste hastigheit i kjøkkenmaskina. La deigen heve i 30 min. Deigen skal vere klissete.

Hoveddeig:

5 dl vatn
1 pk gjær
1/2 dl rapsolje
600 g kveitemjøl
2 ts salt
2 ss sukker

Varm vatnet til vel 37 grader. Bland alt saman med fordeigen. Deigen skal vere klissete. La deigen heve nye 45 min. Kjevle deigen slik at han passar til langpanna di. Leg deigen i smurt langpanne og skjær nesten gjennom med kniv slik at du får 24 - 30 biter. Pensle med vatn og strø litt byggmjøl over.  La det heve i 35 - 40 min. Steikast midt i ovnen ved 225 grader i ca 15 min.

Det vart kjempegode brikettar som egnar seg godt til både frukost og niste. Når alt er klart er det lett å finne fram i ein travel kvardag :)


Grove horn med ost og skinke

I ein  travel kvardag gjeld det å planlegge litt. M.a. er det greitt å lage niste for fleire dager. Her laga eg ein  ladning med grove horn, med innbakt ost og skinke. Eg har lagt to og to i posar før eg la dei i frysen. Slik får både mann og barn niste med seg om morgonen utan å måtte lage det sjølv  :) (og ho mor eller far slepp å styre med det om morgonen). Det er berre å ta dei ut kvelden før, så er det klart :) 



200 g kveitemjøl
150 g Sammalt kveite, fin
150 g sammalt kveite, grov
1 ts sukker
1 ts salt
60 g smør
3 dl skumme mjølk eller lettmjølk
1pk gjær
16 skiver gulost
8 skiver kokt skinke

Bland alt det tørre i ein bolle (om du nyttar tørrgjær). Smelt smør og ha i mjølk. Reguler temperaturen til vel 37 grader. Elt deigen, la han heve i ca 30 minutt. Del deigen i to og kjevle ut kvar del av deigen til tjukke, runde leiver på ca 30 cm i diameter. Del kvar leiv i 8 stk med t.d. eit pizzahjul. Legg ei skive ost og ei halv skive skinke i kvar spiss. Rull kvar del saman til eit horn. La dei etterheve i 20 min. Steik på 220 grader i ca 10 - 15 minutt.

Frys to og to i små posar. Ta ut kvelden før dei skal nyttast og legg i kvar matboks :) Kjapt og greitt :)

onsdag 24. oktober 2012

Bøker

Her er eit par bøker eg har skrive, den første med god hjelp frå fleire i grendalaget vårt. Det var eit utruleg kjekt arbeid. Ho byggjer på 8 kladdebøker som vart skrive av Kristoffer Vikne som var lærar på Takle rundt 1920. Her er mange huldrehistoriar som var gått i gløymeboka, i tillegg til skulehistorie, grendehistorie og historia til grendalaget vårt. Ho er framleis i sal, så berre ta kontakt om det kan vere interessant! :)

Nedst er ei barnebok eg laga då eg venta nr. 3. Boka handlar om ei jente som lurer på det meste. Ho går i barnehagen der ho lærer ein heil del. Ho bur saman med familien sin og likar å vere med på det meste i dei daglege aktivitetane. Det er ikkje alltid foreldra hennar er like nøgd med måten ho gjer alt på, men ho gjer no det slik likevel... Denne er og til sals. Ho er slik at dei som har lest ei lita stund fint kan lese ho til t.d. mindre søsken :) Eldstejenta, Anja Reknes, har teikna framsida :)



Haugartun - fortid notid og framtid. All inntekt frå denne går til laget :)


Ei barnebok som er illustrert av Anja Reknes :)


"From Nordhordland with love"

Eldsteguten var med på filminnspeling, ein reklamefilm for Nordhordland som slo godt an. Det var i alle fall moro å få vere med å sjå på innspelinga! Og det vart ein flott film!

Filmen kan du sjå her: From Nordhordland with love


Strikka sitteunderlag
Og ja, tittelen på bloggen har jo strikkepinnar i seg, og det er ikkje heilt utan grunn. Ein av mine store interesser er strikking. Her er eit av to sitteunderlag eg har laga i det siste. No held eg på med eit tredje. Det er jo ikkje så lenge til jul, så.... :) Elles er det mykje barneklede det går i. Kjekt å strikke til dei små. Har strikka litt til dei store og, men er litt utålmodig av meg, så likar det best når det går fort :) Men kjekt å strikke til dei store og! Særleg når det resulterer i at dei vil ha meir :)



Kosetur i fjæra

Ein av aktivitetane i sommar var å plukke blåbær, røre desse og bruke dei på pannekakene me steikte på bål i fjæra. Me er så heldige at me bur like ved fjorden, og fjæra er ein flott boltreplass for store og små! Tredjemann var med meg i blåbærlyngen, og heile familien var med på turen. På bileta er mann, eldstejenta og tredjemann. Nr to er ikkje med på desse bileta og minstejenta var ikkje fødd enno. Dette var ein kjekk aktivitet som me nok vil gjere fleire gonger! Ein dag møtte me to andre familiar som var med oss nede ved sjøen. Då fekk dei eldste borna i oppdrag å plukke blåbær, før det var tid for pannekaker og masse anna godt. Så vart det tid for litt bading og :)








Kosestund med tredjemann :)

Det er ei utfordring å ikkje kunne løfte tredjemann pga keisersnittet, i tillegg til at minstejenta treng og sitt. Då er det viktig å finne, om ikkje så lange stunder om gongen, men i alle fall skikkeleg koselege stunder med dei andre tre og. Her har eg og tredjemann ei kosestund med å lage julegåver. Denne dagen laga han to flotte bilete, og seinare laga han to til. Flotte kunstverk som me begge er stolte av!