torsdag 2. juli 2015

Spennande ostekake med berre tre ingrediensar!

Eldstejenta på 21, sende meg ein link på Facebook her ein dag. Det var link til ei japansk ostekake som skulle vere så god. Eg tok det som eit hint, og I dag prøvde eg oppskrifta.

Det sto at det tok ca ein time å lage ho, men det sto ikkje noko om storleik på form, etc. Eg måtte prøve meg fram, fot første forsøk gjekk heller dårleg. Eg skriv difor oppskrifta litt annleis her.

Varm omnen til 180 grader.

Ingrediensar:
240 g kvit kokesjokolade
6 egg
240 g philadelphiaost

Skil eggeplomme frå eggekvite. Set eggekviten I frysen ei stund (gjerne ein time). Smelt sjokolade I vannbad på ikkje alt for høg temperatur slik at det går litt sakte. Avkjøl sjokoladen (la han stå ei god stund)
Bland ost, sjokolade og eggeplommer godt saman. Bruk helst visp, men ikkje miksar. Bland I eggekviten. Røra skal vere litt seig. Gjer du dette for tidleg vert røra svært rennande.

Steik først på 180 grader I 15 min. Senk temperaturen til 150 grader og steik I 15 min til. Slå av omnen og la ho stå inni I ytterligare 15 min.

Pynt med å strø sikta melis på toppen 😊

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar