"Det er jo ei kake, jo!"
Frukostbrikettane fall heldigvis i smak :) Desse er og kjempefine til å fryse i porsjonar, og lage salat som er tilgjengeleg i kjøleskåpet. Då er det kjapt å få seg ein god og sunn frukost, eller ei god og sunn niste :)
Grove horn med ost og skinke
I ein travel kvardag gjeld det å planlegge litt. M.a. er det greitt å lage niste for fleire dager. Her laga eg ein ladning med grove horn, med innbakt ost og skinke. Eg har lagt to og to i posar før eg la dei i frysen. Slik får både mann og barn niste med seg om morgonen utan å måtte lage det sjølv :) (og ho mor eller far slepp å styre med det om morgonen). Det er berre å ta dei ut kvelden før, så er det klart :)
Frukostbrikettane fall heldigvis i smak :) Desse er og kjempefine til å fryse i porsjonar, og lage salat som er tilgjengeleg i kjøleskåpet. Då er det kjapt å få seg ein god og sunn frukost, eller ei god og sunn niste :)
Fordeig:
5 dl vatn
200 g lettkokte havregryn
200 g sammalt rug, grov
200 g byggmjøl
Bland alt saman og elt deigen for hand eller på lågaste hastigheit i kjøkkenmaskina. La deigen heve i 30 min. Deigen skal vere klissete.
Hoveddeig:
5 dl vatn
1 pk gjær
1/2 dl rapsolje
600 g kveitemjøl
2 ts salt
2 ss sukker
Varm vatnet til vel 37 grader. Bland alt saman med fordeigen. Deigen skal vere klissete. La deigen heve nye 45 min. Kjevle deigen slik at han passar til langpanna di. Leg deigen i smurt langpanne og skjær nesten gjennom med kniv slik at du får 24 - 30 biter. Pensle med vatn og strø litt byggmjøl over. La det heve i 35 - 40 min. Steikast midt i ovnen ved 225 grader i ca 15 min.
Det vart kjempegode brikettar som egnar seg godt til både frukost og niste. Når alt er klart er det lett å finne fram i ein travel kvardag :)
I ein travel kvardag gjeld det å planlegge litt. M.a. er det greitt å lage niste for fleire dager. Her laga eg ein ladning med grove horn, med innbakt ost og skinke. Eg har lagt to og to i posar før eg la dei i frysen. Slik får både mann og barn niste med seg om morgonen utan å måtte lage det sjølv :) (og ho mor eller far slepp å styre med det om morgonen). Det er berre å ta dei ut kvelden før, så er det klart :)
200 g kveitemjøl
150 g Sammalt kveite, fin
150 g sammalt kveite, grov
1 ts sukker
1 ts salt
60 g smør
3 dl skumme mjølk eller lettmjølk
1pk gjær
16 skiver gulost
8 skiver kokt skinke
Bland alt det tørre i ein bolle (om du nyttar tørrgjær). Smelt smør og ha i mjølk. Reguler temperaturen til vel 37 grader. Elt deigen, la han heve i ca 30 minutt. Del deigen i to og kjevle ut kvar del av deigen til tjukke, runde leiver på ca 30 cm i diameter. Del kvar leiv i 8 stk med t.d. eit pizzahjul. Legg ei skive ost og ei halv skive skinke i kvar spiss. Rull kvar del saman til eit horn. La dei etterheve i 20 min. Steik på 220 grader i ca 10 - 15 minutt.
Frys to og to i små posar. Ta ut kvelden før dei skal nyttast og legg i kvar matboks :) Kjapt og greitt :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar