Bilsetepose
Me hadde bruk for bilsetepose til vesla, eg hadde noko garn liggande, men fann ikkje mønster. Då måtte eg prøve å lage eit sjølv. Slik vart resultatet...
Legg opp 90 masker med tre tråder. Eg har brukt to trådar Merino Glossy og ein tråd Cannes Mohair, noko som gjev eit mjukt og godt resultat. Strikk rillestrikk 20 cm.
Del arbeidet i tre delar, ein del til halve framsida (24 masker), ein del til baksida (42 masker), og siste del er andre halvdel av framsida (24 masker). Strikk frå rettsida 24 masker, set eit merke, strikk 16 masker, fell 10 masker, strikk 16 masker til. Legg opp 10 nye på neste omgang. Strikk 7 cm. No skal kvar del strikkast for seg.
Begynn med mønster på framdelane: 4 rett, 4 vrang til første merke. Snu og strikk slik at det vert rett på rett og vrangt på vrangt i til saman fire omgangar. Strikk så ein omgang med rett på vrangt og vrangt på rett. Strikk vidare vrangt på vrangt frå forrige omgang, rett på rett i til saman fire nye omgangar. Strikk så slik du byrja med mønsteret. Det vil då bli eit slags rutemønster (sjå bilete). Strikk mønster til det er til saman 8 rader med mønster (sjå bilete). Strikk vrangbord fire omganger (to rett og to vrang). Strikk den andre framdelen på same måte.
Hald fram med rillestrikk på bakdelen. Når arbeidet måler 36 cm, strikk dei tre delane saman. På framdelane, hald fram med vrangbord, og hald fram med rillestrikk på bakdelen. Strikk fem omgangar, samtidig som du strikkar saman to og to masker i skøyten på kvar side. Opningane i kvar side gjev plass til setebelta. Fell av sidestykka med rett over rett og vrang over vrang. Hald fram med bakstykket i ca 10 cm til. Fell av.
Plukk opp masker langs framkanten på eine framstykket. Strikk vrangbord og lag knapphol ved å felle ei maske på andre omgang, og legg opp ny maske over den felte maska på neste omgang. Fell av med rett over rett og vrang over vrang.
Lag gjerne nokre knappar i nederste kant og. Det har eg tenkt å gjere når eg får tid :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar