lørdag 27. juni 2015

Utstilling

På Haugartun grendahus på Takle er det for tida ei flott utstilling med kunstneren Astrid Opdal. I dag var eg bortom ein tur med nesten alle borna, og minsten på to mnd vart med på si aller første kunstutstilling. Det var ei kjempefin utstilling, og eg gledar meg til å få biletet eg kjøpte heim og opp på veggen 😊

Dei litt eldre ungane har vore med på nokre utstillingar før, mellom anna var eg og to av dei avgarde for å hente flotte bileter av Unni Askeland som hadde utstilling her I fjor.

Verdens beste brød!

Eg fann ei god oppskrift på nettet på det som må vere verdas beste brød. Og så er det superenkelt å lage og.

Eg syns det er kjekt å lage mat frå grunnen av til familien, både fordi det er kjekt, men så veit eg og kva maten inneheld. På same tid må det vere kjapt og greitt å lage til.  Eg vil prøve å samle oppskrifter til god og passe sunn mat, som er kjapt å lage. Dessutan er det kanskje måtar ein kan gjere det meir effektivt på.

Dette brødet vart I alle fall populært. Og få ting er betre enn piknik med nystekt brød 😊

fredag 26. juni 2015

Blogging går i rykk og napp....

Ja, då er det lenge sidan førre blogginnlegg, noko som gjerne er heilt ok, men vil no prøve att likevel.
Det er ikkje alltid så lett å få tid til å skrive blogginnlegg, og det er no eigentleg ikkje noko som er så høgt prioritert heller. Men det er kjekt å kunne gjere det av og til, og veldig kjekt om nokon får lyst til å lese og.

Sidan sist har me fått ein liten, fantastisk gogut til, så no er me ein familie på sju. No er eg i permisjon, og resten av gjengen har ferie frå jobb, skule og barnehage, så kvardagane er travle, men utruleg kjekke.

Målet mitt er at me alle skal ha ein god kvardag. Slik vert det jo ikkje alltid, men dei aller, aller fleste dagane er heldigvis slik, så me er svært heldige.  Eg prøver å ha fokus på at maten skal vere mest mogeleg heimelaga og kortreist, og eg syns det er svært kjekt å kunne lage klede til ungane sjølv, enten ved å sy eller strikke. Så er musikk viktig, sjølv om det ikkje vert så mykje tid til det no for tida. Ikkje minst er tida saman med borna (i alle aldrar) viktig! Og tid til kvarandre.


fredag 13. februar 2015

Korleis sy ein buff med for.

Som heilt nybegynnar syns eg det var litt vanskeleg å finne gode forklaringar på korleis å lage ein buff med for. Buff i dobbelt stoff o.l var enkelt, men med ein gong det var snakk om to ulike stoff, syns eg det var litt vanskeleg. Eg syns det er kjekkast å få det beskrive heilt i detalj, slik at eg berre kan sy utan å måtte gruble så mykje først ;-)

Eg har difor laga ein lita oppskrift slik at andre utålmodige sjeler (som meg sjølv), finn ein endå enklare veg til å lage ein buff :-)

1. Lag ein mal på eit ark, gjerne vanleg papir til skrivar. Teikn eit rektangel med måla 52 x 15 cm (born. Foret er tjukt)

2. Legg malen på dei to stoffa (foret og hovudstoffet)
















3. Klipp ut rektangelet. Eit tips kan vere å legge stoffa rett mot rett, for då slepp ein å snu dei etterpå.
















4. Legg stoffa rett mot rett og sy den eine langsida med elastisk saum. Pass på å ta ut knappenåler etter kvart, eg knakk både ei knappenål og ei symaskinnål på denne buffen, så det er lurt å vere obs.

5. Brett stoffa ut, press saumen og legg kortsidene mot kvarandre rett mot rett. Sy saman.

6. Så kjem utfordringa og det som kan ta litt tid:
Legg rettsida av foret mot rettsida av hovedstoffet. På det første biletet under ser de at det eigentleg er fire lag med stoff, men ein skal altså sy det næraste deg saman med det som er lengst frå deg. Vonar de ser det på bilete nr. 2 under her. De må ta litt og litt, det er ikkje mogeleg å sy heile runden på ein gong. PASS PÅ Å LA NOKRE CM OVANFOR SAUMEN FOR KORTSIDA VERE ATT! Her skal ein emleg vrenge buffen gjennom denne opninga slik at han kjem med retten ut.

Om du syns dette var krøkkete forklart kan du sjå meir på syskolen




















7. Vreng buffen og sy att opninga frå rettsida for hand eller maskin.

Då har du ein ferdig buff :-)















Eg byrja å sy for eit par veker sidan, og for moro skuld tok eg tida på å lage denne etter eit par tidlegare forsøk. Frå eg la malen nedpå stoffet og til han var heilt ferdig (klipt alle tråder, sydd att opninga på retta, osv.), og det tok ganske nøyaktig 20 minutt. Ein meir erfaren ville garantert ha gjort det MYKJE kjappare, og utan for, en med dobbelt stoff vil det sjølvsagt og ta kortare tid. Og desse kostar ein del å få kjøpt i butikk, så dette er enkelt og moro å sy, kjapt å sy, og ein sparar mykje pengar :-)

Lukke til :-)


torsdag 4. september 2014

Ein ny dag :-)

På den daglege ferjeturen vert det av og til rom for studiar, og i dag var det databaser som var pensum. Det handlar om persistent data, dataintegritet mm. I tillegg handla det om ulike funksjonar til databasen.

Ferjeturen varer berre i 20 min, så det er begrensa kor mykje eg får lese der, men alt hjelper. Og så er det rart korleis fb og ulike nettaviser vert til reine magnetar når eg helst skal lese pensum, så dei 20 minutta er nok ikkje alltid så effektive.

Så tar det 20 min frå ferjekaia til jobb. Ein jobb det alltid er like kjekt å komme til. Snille, dyktige og blide kollegaer, og flinke og greie elevar. Ekstra kjekt vert det når nokon kjem med slike lappar som i dag, eit hjerte der det står at eg er ein snill og grei lærar. :-) Lappen heng eg over arbeidsbordet mitt, saman med andre som eg har vore så heldig å få før. Dei er gode å lese på når ein er sliten og føler at ein ikkje får til det ein ynskjer.

Så var det  henting i barnehagen og heim med gullungane ♡. Det tok ikkje så lang tid før me var ute att. Ungane ville hoppe på trampolina og skli på sklibana. Snart var me alle borte hjå naboen der fleire born var på plass, og heile ungeflokken storkosa seg. Det betydde masse herleg utetid for dei små, noko som jo er eit mål.

Då er det vel tid for å jobbe litt meir med oppgåve og med jobben.... 

onsdag 3. september 2014

Nye studiar

No er det lenge sidan førre innlegg, og då eg starta på nye studiar ved HiST, tenkte eg at det nok var lurt å halde fram med bloggen. Mykje av årsaka er at eit av tema me har om, er akkurat om bloggar, og om korleis ein driv ein blogg. No er det ganske hektisk att, og ein vesentleg årsak til at det ikkje er skrive noko på lenge, er jo akkurat at det stort sett er så travelt at det ikkje er rom for å oppdatere bloggen. Dette er likevel eit nytt forsøk.

Med full jobb og stor familie, og med studiar i tillegg, er det jo travelt, men kjekt. I dag hadde me endeleg bursdagsselskapet til goguten vår. Det var skikkeleg kjekt! Med nesten 30 personar i hus, vart det ei flott feiring! Temaet var sjørøvarar, og menyen var pølser og brød, kake, frukt og muffins. I tillegg laga me ein film om godteriheksa som tok alt godtet og gøymde det ute. Ungane lurte ho likevel og fann det til slutt ;-)










Me hadde ei skattekiste med masse frukt i :-)


Før selskapet var eg sjølvsagt på jobb. I dag vart det ein kort, men hektisk dag, med mange ulike utfordringar. Det er likevel alltid kjekt på jobb. Gode kollegaer, kjekke elevar og ein inspirerande jobb.
I kveld, etter tillaging, gjennomføring og rydding etter selskap, og etter legging av to herlege, nøgde og slitne born, var det tid for litt studiar. Det vart mest å lese mål for leksjon, og elles ting som ligg på its learning. Det ser i alle fall spennande ut, så eg gler meg å komme skikkeleg i gang! Emna eg tar no er database og IT introduksjon. Frå før har eg tatt webutvikling, og så får eg sjå kva det vert til slutt :-)

Men no er det leggetid, så får me sjå kva morgondagen har med seg :-)


torsdag 29. november 2012

Ammetåke og handel....

Det har jammen vore litt hektisk i det siste! Planlegging av dåp, lage julegåver, foreldrekonferansar i barnehage og skule, oppgradere kjøkken, strikke bunad, osv osv.

Kanskje eg kan byrje med oppgraderinga av kjøkkenet, eller først og fremst handleturen me var på. Me bestemte oss for å kjøpe litt nytt til kjøkkenet vårt, og i første omgang vart det ein integrert steikeomn og kjøleskåp. Etter å ha studert ulike tilbod, bestilte me det me skulle ha, hekta hengaren på bilen og reiste avgarde for å hente det. Med dei to minste i bilen og ein forholdsvis lang køyretur med hengar med eit stort kombiskap oppå, så tenkte me nok at det ville bli ein kjekk tur, men og kjekt å få alt med oss heim att når me først var avgarde. Planane var klare: Kjøpe nokre nye leikar til minsteguten vår, kjøpe høgskap til å sette omnen i, og hente kvitevarene. Me starta med kvitevarene då me skulle levere kombiskapet vårt med det same.

Etter eit hyggeleg møte med ein svært flink og serviceinnstilt butikksjef, gjekk eg til kassen for å betale for varene. Alt gjekk heilt fint, eg gjekk til lageret og ga ungdommen der kvitteringa for varene eg hadde kjøpt. "Gje meg eit par minutt" sa han, og forsvann. Eg slengde meg ned på sofaen og fekk med meg siste del av "Alene hjemme" som gjekk på tv'en akkurat då. Mann og born venta i bilen. Ein mann med tilsynelatande hastverk kom inn, kikka seg rundt, gjekk bort til luka og venta utålmodig, men ingen kom. "Er det nokon her?" spurte han meg og eg svara at dei skulle hente noko til meg, men sidan hadde eg ikkje sett noko meir til dei. Så forsvann han. Så kom ein eldre kar som såg ut som om han hadde litt betre tid. Han såg på meg, kikka i luka og trekte ein kølapp. Ingenting skjedde. Til slutt kom mannen min inn, han lurte nok på kva som skjedde. Eg gjekk ut til ungane, medan han overtok ventinga inne på lageret. Etter ein god halvtime ringde eg butikksjefen og spurte om han kunne vere så snill og sjekke kva som føregjekk, og etter kort tid fekk eg telefon attende frå han der det viste seg at kjøleskapet vårt ikkje var der likevel, slik dei hadde trudd då eg ringde for å sjekke før eg for. Og eg ser sikkert litt skremmande ut, for den stakkars ungdommen på lageret grua seg sånn til å seie det til meg, at han kom aldri att... Det enda no med at me fekk med oss omnen, men jakta på kjøleskapet er framleis i gang. Ingen veit kvar det er :D

Så var det høgskapet sin tur. Då var neste stopp Ikea. Me tok begge ungane i søskenvogna og trilla gjennom markedshallen og ut på lageret. Sjølvsagt hadde me gløymt att informasjonen om skapet me skulle kjøpe, og som dei fleste veit, så er Ikea forholdsvis stort og har mange rader og hyller og slikt, så det er ikkje så lett å finne akkurat det skapet ein skal ha. Sjølvsagt kan ein finne ein stasjon med PC'ar og søke der, og det var akkurat det me gjorde. Me kom inn på kjøkkeninnredning, men då me klikka på innbyggingsskap, så hengde det seg opp. Etter at tre PC'ar hengte seg opp av same årsak, vurderte me å gje oss før me øydela alt, men då gjekk det plutseleg likevel, og me fekk vite kvar me skulle hente dei ulike delane til skapet. Medan me lette etter rett reol og hylle, fekk eg link til eit anna kjøleskap me kunne få med oss i staden frå den andre butikken. Så der gjekk me og lette etter delar til eit skap på Ikea medan me prøvde å avgjere om me skulle kjøpe det kjøleskapet i staden. Det vart jo litt surr av det, men det gjekk faktisk bra. Me fekk med oss alt. Nesten. Då me kom heim oppdaga me at den eine hylla var feil. Ho var for djup.

Men etter besøket på Ikea og ein snartur innom ein leikebutikk, bar det heimover. I Knarvik kom me på at me burde handle litt mat. Eigentleg var det tre ting, men eg kom nok ut att med haug på handlevogna. Eg nyttar høvet til å skulde på ammetåka, for det var først då eg kom i bilen, etter å ha handla m.a. litervis med mjølk og ti brød, at eg kom på at me hadde kasta kombiskapet, og då den tilhøyrande frysen, og at me ikkje hadde noko kjøleskåp med oss heim...

Heime har me likevel ein fullstappa fryseboks i kjellaren, og eit lite kjøleskåp som me pleier ha pålegg i, men me fekk plass til varene til slutt. Høgskapet vart montert nesten utan problem  (me må nok kjøpe oss ny taklampe på kjøkkenet), men no er det på plass. I dag fekk eg prøve ovnen for første gong då eg laga eplekake medan kjøtet og raspeballane kokte. No er jo ikkje eg så teknisk av meg, og eg las ikkje bruksanvisninga så nøye, men jammen vart eg imponert då eg oppdaga at omnen på magisk vis har sugd eplebåtane ned i botnen på eplekaka. Fancy, kallar eg slikt. Eg lurer litt på om det då er slik at  eg bør steike kakene opp ned heretter? No leiter eg altså etter funksjonen som får eplebåtane opp att... Men eg trur det skal bli mykje betre å lage mat i denne omnen.

Jaja. No ventar me i spenning på neste episode av det forsvunne kjøleskåpet, og satsar på at det dukkar opp att om ikkje så altfor lenge!

Nei, no må eg halde fram med julegåvene før eg skal finne senga. Ho veit eg i alle fall kvar er!